Kort faktainfo

Dei to fyrste festivalane (2014/2015) var arrangementsmessig en stor suksess.

Neste festival er lagt til 24-25 juni 2016, og er som tidligere i nært samarbeid med Fosnavågveka.

Fosnavåg Rock vert arrangert Fosnavåg, Møre og Romsdal. (Innbyggjartal 8800). Arena var parken i sentrum.


Festivalsjef Frank Levi Kvalsund:
Initiativet til Fosnavåg Rock er forankra i ønsket om å skape gode opplevingar i ein by som er i sterk vekst og utvikling. Festivalen som ligg i den flotte byen på Sunnmøre, satsar på å gje publikum ei festival-oppleving denne helga med hovudfokus på musikk.
Fosnavåg Rock er ikkje berre ein rockefestival, men eit fenomen som har til hensikt å skape identitet og bulyst ute i havgapet. Vi ønsker at dette vil inspirere og bidra til positivt eigarskap til den flotte kommuna som vi bur i.
 

Bio

Fosnavåg Rock har målsetting om å nå eit publikumstal på ca 5000 i 2016. Eit slikt arrangement vil kreve stor innsats frå frivillige lag og organisasjonar. Vi har estimert eit behov for ca 200 frivillige for å kunne gjennomføre arrangementet på ein forsvarleg måte. Vi tek sikte på å gjennomføre 4 store konsertar fordelt på to dagar i tillegg til at lokale musikkentusiastar og ungdomar får prøve seg ei av norges største scene i løpet av helga.