EIGE SKJENKEOMRÅDE:
 
Festivalen har eige skjenkeområde, og du må være over 18 år for å få tilgang til området og kjøpe alkoholholdig drikke. 
Du bli bedt om å vise fram gyldig legitimasjon ved inngangen til festivalområdet. Gyldig legitimasjon kan være: pass,
førarkort eller bankkort med bilde.
 
 
SERVERING:
 
Det vert sal av mat og drikke. Det er ikkje tillatt å ta med seg mat og drikke inn på festivalområdet. Det er ingen aldersgrense
ved festivalen, så det er avgrensa barområde ved dei to scenene der ein kan kjøpe og nyte alkohol. Husk legitimasjon!
 
 
KORT/KONTANT:
 
Festivalen har bankterminalar der ein kan fylle på Cashless korta ein skal bruke. Les meir HER!  
 
 
TRYGGLEIK:
 
Fosnavåg Rock har stort fokus på tryggleik. Eit enormt lag med vakter med gule vestar vil vere på området under arrangementet,
og ambulanse og ambulansepersonell er i beredskap og held til rett utanfor inngangen til festivalområdet. 
 
 
TOALETT:
 
Fosnavåg Rock vil ha gode fasilitetar, fleire stader på festivalområdet. 
 
 
GRØN FESTIVAL:
 
Fosnavåg Rock vil vere ein grøn festival! Vi ber publikum om hjelp til å halde området fint og fritt for søppel. 
Spar miljøet – bruk avfallsdunkane. 


IKKJE TILLATT PÅ FESTIVALOMRÅDET:

• Medbrakt mat og drikke 
• Grill/anna påtenningsutstyr 
• Skarpe gjenstandar, t.d. paraply 
• Campingutstyr (telt, stolar osv.) 
• Hund eller andre husdyr 
• Video- , speilreflekskamera eller lydopptaksutsyr 
• Flasker og termosar