Fredag 26. juni: 
Dumdum Boys 
 
Fredag 26 Juni entrar DumDum Boys scena under årets Fosnavåg Rock (26-27.06.15). Bandet frå
trondeheim er eit av dei mest sentrale bandene i norsk rockehistorie, og blir også titulert som ein av
dei fire store innanfor norsk rock.
 
Bandet består i dag av fire medlemmar. Per Øivind Houmb også kjent som «Prepple», er vokalist og frontfigur i bandet. Kjartan Kristiansen er bandets gitarist og låtskrivar. På bassen finn vi Aslak Dørun som i 2009, saman med Kjartan, vann spellemanpris som årets tekstforfattar. Til slutt har vi trommisen Hans Olav Sola Johansen mest kjent under navnet Sola Jonsen. Saman utgjer dei det vi nordmenn i dag kjennar som DumDum Boys etter navnebyttet i 1985 (tidlegare Wannskrækk).
 
Bandet kan sjå tilbake på ei imponerande rekkje med utgivingar med 12 album og 13 singlar. Det er heller ikkje mangel på musikalske utmerkingar. Med 5 spelemannprisar, Edvard-prisen, Gammlengprisen og den gjeve Heidersprisen frå juryen under Spellemanprisen 2007 kan ein trygt seie at dette bandet er klar for å rocke Fosnavåg i sommar.
 
Dum Dum Boys har hatt 10 låter og 13 album inne på VG-lista. Boom Boom var den første sangen inne på lista i veke 7 1989. Sangen med høgast listeplassering for Dum Dum Boys er Enhjørning som nådde 1. plass i 2006. Flest veker på singlelista har Enhjørning med 15 uker. Gravitasjon er det albumet som har ligget lengst på VG-lista topp 40, (30 veker). Høgaste listeplassering på albumlista har Dum Dum Boys med Ti liv, Tidsmaskin, Gravitasjon, Schlagers , Sus, Transit og Pstero, som nådde 1. plass.

 
Carnival Kids 

I fjor sparka Carnival Kids så hardt ifrå seg under By:larm at musikkbransjen sto i kø for å signere bandet. Mange huskar nok hiten “Fear Of Nothing”, og no har dei endeleg sluppe debutalbumet sitt, “While The World Keeps Ending”, som for alvor skal få Carnival Kids inn på spelelista di. Her snakkar vi om eit rockeband som matchar Honningbarna og Kvelertak live.

Carnival Kids er ikkje eit band som gjer ting halvvegs, noko alle som har sett dei kaotiske, men tighte, live-showa kan skrive under på. Dei har allereie rukke å markere seg både på Slottsfjell, Hove og Øya – og no er dei klare for massiv turnering i 2015. Med medlemmar fra både Norge og England har bandet eit unikt perspektiv. Dei har oppnådd stor interesse i begge land, mellom anna via god rotasjon hos både NRK P3, Radio 1 (UK) og XFM Airplay (UK).
Etter singlane “Fear Of Nothing” (2013) og “What To Do When Awake Within A Dream” (2013), er Carnival Kids no endeleg ute med eit ambisiøst og særeige debutalbum, "While The World Keeps Ending". Dei held seg trufast til den spennande og tunge rocken, men firerbandens sans for melodiar i fokus visast tydeleg på den ferske skiva.
Carnival Kids overbeviser publikum gang på gang, og vi i Fosnavåg Rock er veldig fornøgde med å ha sikra oss eit band som kjem til å markere seg i både inn- og utland det komande året. Eit flott namn å ha på plakaten til ‪#‎FR2015‬!

 
TROLLEBØ
 
Jørn Trollebø Kvalheim frå Måløy sjarmerte landet vårt med både personlegheit og ein heilt rå rockevokal då han deltok på fjorårets Idol på TV2. Han enda på den lovande andreplassen, og i mai slepp han endeleg eigen musikk saman med bandet sitt, Trollebø. Trollebø omtalar seg sjølve som "eit nytt norsk band beståande av to skjeggete, og to skjegglause karar". Dei spelar rock av den typen som snik seg inn i øyregongane og blir der. Singelen "Railroad Tracks" kjem ut 15. mai. Vi ser fram til å høyre gjengen live under Fosnavåg Rock!

 
LOMMEROSK
 
Vi er storfornøgde med at Lommerosk ville kome tilbake til Fosnavåg Rock. Meir fengande punkpoprock skal ein leite lenge etter! Ja, for vi må innom tre musikksjangrar for å beskrive det.Lommerosk såg dagens lys i 2011, og har sidan då beskrive seg sjølve som eit "basarrockband frå bygdene Straumshamn og Bjørkedalen". Dette fordi det starta i basarmiljøet, utvikla seg vidare via UKM-deltaking (der dei har kome vidare samtlege gongar dei har delteke) og i dag eig dei alle scener dei står på. Dei er både påverka av og kan minne om band som til dømes Red Hot Chili Peppers og Danko Jones. Lommerosk spelar sjølvskriven musikk med varierte tema som strekk seg frå "seriøst til heilt på trynet useriøst", og har ofte også med seg eit par coverlåtar.Vi som har sett og høyrt dei før kan gle oss, og dei som enno ikkje har det kan gle seg enda meir!
 
 

Laurdag 27.juni:
Morten Abel
 
MORTEN ABEL TIL FOSNAVÅG ROCK 2015
Mannen bak den tidlause hiten Tore Tang og vinnaren av heidersprisen under årets spellemannutdeling , kjem til Fosvavåg Rock 2015. Morten Abel entrar scena i Fosnavåg lørdag  27 Juni og er klar for å skape liv og røre.
 
Artist Morten Abel starta si musikkarriere midt på 1970-talet, som vokalist i bandet Mods. Bandet var ei norsk rock/popgruppe frå «Oljebyen» Stavanger.Mods gav ut tre album i perioden 1981 til 1984, der debutalbummet «Revansj», med den tidlause hiten Tore Tang, var mest populær. Etter suksessen med Mods starta Abel og to andre Mods-medlemmar bandet The September When. Bandet blei svært populært og gav ut fire studioalbum: The September When (1989), Mother, I've Been Kissed (1991), One Eye Open(1993) og Hugger Mugger(1994). The September When blei oppløyst og seinare gjenforent i 2008. Midt på 1990-tallet var Morten Abel også frontfigur i Peltz, før han for alvor startet som soloartist i 1997.
 
Han har vunne fire Spellemannsprisar som solo artist, blant anna Årets Spellemann for 2001 og heidersprisen for 2014. I tillegg har han vore nominert til fire Spellemannprisar og vunne ein Spellemann saman med The September When.  Morten Abel har hatt 1 låt og 6 album inne på VG-Lista. Big Brother var den første sangen inne på lista i veke 49, 2006. Here We Go Then, You And , er det albumet som har ligget lengst på VG lista  (56 Veker). Høgaste listeplassering på albumlista har Morten Abel med Being Everything, Knowing Nothing, I'll Come Back And Love You Forever og Here Here We Go Then, You And I, som nådde første plass. 
 
 
 Skóg
 
Musikken til folk/pop/indie-bandet Skóg gjer noko med humøret. Høyrer ein like mykje på tekstane som på melodilinjene, så finn ein fort ut at det er snakk om store tema. Her går sorg og glede hand i hand på nytt og spennande vis. Alt kan vel eigentleg oppsummerast med det som dei sjølve kallar det; SKOGSPOP.

Dei er klar for å levere skogspopen på sitt mest storslagne i Fosnavåg LAURDAG 27. JUNI. Dette blir ein unik konsert for både store og små, så kom og bli med i skogen (parken)! 

Prosjektet Skóg, med faste medlemmar Sondre Skorgen og Vegard Johansen, fekk ein pangstart på ein låve i Snipsøyrdalen i fjor sommar. Folk klappa og hoppa til takta så taket neste ramla ned. Seinare heldt dei fredagskonsert hos Sunnmørsposten, og hausta mykje skryt for det òg. Fredag 6. feb kom den andre singelen deira, "Memento Mori", som låg i rotasjon hos Radio Ålesund ei heil veke før slepp. Dei er gira og gler seg stort til juni! I mellomtida kjem det både musikkvideo og enda meir herleg skogspop.
 
THE MONO LP'S
 
The Mono LP's beskriv seg kort og greitt som "rock'n'roll with a cello". Vi er veldig glade for at denne gjengen igjen vil ta turen frå Liverpool for å spele under Fosnavåg Rock.The Mono LP's sin musikk er indierock med ein unik sound, og kan plasserast ein stad i landskapet mellom Arctic Monkeys og The Black Keys. Perfekt for ein sval sommarkveld i parken. Dette bandet må du få med deg!
themonolps.com
 
 
AHEAD OF THE CURVE
 
Ahead of the Curve er eit alternativt rockeband fra Ålesund. Bandet har på kort tid fått mykje merksemd, og har vorte omtalt av musikkjournalist Asbjørn Slettemark live på P3 som ”Ålesunds nye stolthet” og eit band som ”skiller seg ganske mye ut fra moderne, norsk metal”. Stor dynamikkforskjell og variasjon er nøkkelord som er blitt ein del av særpreget til Ahead of the Curve, då det går i alt frå rolige ballader til hissig in-your-face rock. Bandet har med sitt energiske sceneshow fanga publikum på både små pubar og store festivalar rundt omkring i Norge, og Fosnavåg Rock er neste ut!CONSPECTUS Conspectus er eit metalband frå Ålesund, og har spelt saman sidan 2010. Dei er dedikerte og hardtarbeidande, noko som førte til positiv omtale frå Metalsucks.net og P3 Pyro då dei kom med debut-EPen “A Clearer View” i fjor. P3 Pyro peika dei ut som ein av favorittane blant unge og lovande norske band.
 
 
CONSPECTUS
 
Conspectus samanliknar seg sjølve med band som Trivium, Machine Head og Gojira, men likar å eksperimentere seg fram til sin eigen sound. I sommar skal dei tilbake i studio for å spele inn sitt aller første full lengde-album, men først skal dei få køyrt seg framfor publikum på Fosnavåg Rock!
Sjekk ut videoen til EP-singelen “From Innocence To Guilt” produsert av Johannes Lovund her: bit.ly/ConspectusFromInnocenceToGuiltYT
 
 
LOVESHACK
 
Loveshack er ei forrykande musikalsk tidsmaskin tilbake til 80-talets fest og musikk. Norges mest populære partyband skal forføre oss med unik energi og smittande humor. Loveshack har spreidd den glade festbodskap sidan 1997, og gamle og nye 80-talsfans har gått glade og syngande heim frå konsert med dei sidan då. Drøym deg tilbake, nyt musikken og kast deg med i festen. Her blir det gamle, gode låtar frå artistar som Europe, Lionel Richie, Nik Kershaw, Van Halen, Billy Idol, Mr. Mister, Bon Jovi og mange fleire! Velkomen til 80-talet!